Utfordringane som møter oss framover er mange. Her er nokre punkt:

  1. Det vil relativt sett bli mindre ressursar tilgjengeleg for å dekke opp pasientane sine forventningar og behov. Dette kjem klart fram i Perspektiv meldinga til Stortinget, og er tydeleg i kommunikasjonen frå både statsministeren og Helseministeren.
  2. Spesialisthelsetenesta vil få vesentleg auka medikamentkostnader framover. Dersom det ikkje blir etablert fornuftige finansieringsordningar, vil det føre til ein vesentleg tøffare prioritering framover.
  3. For likevel å kunne møte behovet hos pasientane våre, må det til ein langt tøffare prioritering, ein auka effektivisering og auka produktivitet. Gjennom dette må me sjå på arbeidstidsordningane, arbeidsprosessane og bruk av teknologi.
  4. Det må leggjast til rette for heilheitlege system som sikrar at pasientinformasjon kan følgja pasienten i pasientforløpet, slik at behandlande lege til ein kvar tid er oppdatert på helseinformasjon om pasienten.
  5. Gjennom bruk av moderne teknologi kjem me til å innføre langt fleire virtuelle tenester. Det vil medføre at spesialisthelsetenesta kjem til å banke på døra til Ola og Kari både fysisk og virtuelt. Dette vil føre til at både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta kjem til å møte pasienten ute i heimen.
  6. Gjennom dette må Samhandlingsreforma gjennomgåast og justerast. Slik det er lagt til rette for samhandling i dag, er ikkje dekkande for den utvikling me ser framover.

Vil du høre på Herlof på Lederkonferansen i februar? Meld deg på til early bird pris nå (begrenset antall) Påmelding og fullstendig program her

Velkommen til konferanse!